Velkomne til ny nettside og nytt namn.

Vi har gleda av å orientere om at senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane (Smiso SF) har fått nytt namn, profil og logo. I løpet av hausten 2020 vil vi bli kjend som eit av dei 16 Nok. – sentera i Noreg. Målet med profileringa er auka brukarvenlegheit og betre tilgjengelegheit for brukarar over heile landet.

Smiso SF vil då få logoen og namnet Nok.Sogn og Fjordane.

Ordet “nok” representerer ikkje ei forkorting, men kva vi jobbar med. Nok. signaliserer eit tydeleg stopp-punkt og speglar sentara sin felles visjon “ingen skal bli utsett for seksuelle overgrep”. Samstundes visar namnet til målgruppa si eigekraft og styrke. Eit stopp-punkt markerer også endring, håp og framtid i tråd med vårt slagord “saman finn vi vegen vidare”.

Innhaldet i tilbodet vil framleis vere det same, og vi ser fram til å ønskje både tidlegare og nye brukarar og samarbeidspartar velkomne under ny profil og logo.

Med venleg helsing oss på Nok.Sogn og Fjordane – Kompetansesenter mot seksuelle overgrep