Gratis fagdag “Å VERE MANN Nok.”

Velkommen til GRATIS fagdag 16 november 2021.

Å VERE MANN Nok.

I samarbeid med Utsattmann og Sunnfjord kommune arrangerer Nok. Sogn og Fjordane fagdag på Thon Førde hotell.

På denne fagdagen vil vi sette fokus på menn og openheit om seksuelle overgrep mot gutar og menn.

Slik kan vi redusere skam og skuldkjensla mange overgrepsutsette menn opplev og samstundes etablere auka forståing i det offentlege hjelpeapparatet.

Utsattmann bruker eigne historier for å synleggjere at seksuelle overgrep mot gutar og menn er eit stort problem.

Vi er og veldig glad og stolt over å ha fått med oss psykolog Atle Austad på fagdagen.

Ta med deg dine tilsette, del dette med dine kolleger, studentar eller andre og meld deg på denne spennande fagdagen.

Bindande påmelding til post@noksognogfjordane.no innan 1. november. Førstemann til mølla.

Det vert servert te/kaffe og enkel lunsj.