Kva er seksuelle overgrep?
Du lurar kanskje på kva det vil sei å vere utsett for seksuelle overgrep? Det er når nokon tvingar, lurer eller overtalar deg til å vere med på seksuelle handlingar eller har sex med deg. Ingen andre barn, ungdom eller vaksne har lov til å utsette deg for seksuelle overgrep. Dersom personen som gjer dette mot deg er i familien din kallar vi det incest. Om nokon gjer noko med kroppen din som dei ikkje har lov til, så opplev du kanskje ei vond berøring. Vi skal no forklare deg kva vi meiner med ordet berøring.
Berøringar
Berøring betyr det same som å ta på noko, som for eksempel å ta på kroppen. Det finns mange slags berøringar. Nokon berøringar er gode og nokon berøringar er vonde.
Gode berøringar
Mange berøringar kan være gode, og om du synast den er god eller ikkje vil du merke i følelsane dine, som er inne i kroppen din. Når du likar det, så kjenner du i følelsane dine at du er glad og trygg.
Gode berøringar kan være:
- å stryke nokon på kinnet
- gje ein klem
- klappe nokon på skuldra
- halde i handa
Vonde berøringar
Vonde berøringar er det motsette av gode berøringar.
Vonde berøringar som ikkje er seksuelle overgrep, kan vere:
- å bli slått
- knipe
- lugge i håret
- dytte
Vonde berøringar som er seksuelle overgrep, kan vere når eit barn, ungdom eller vaksen:
- tar på tissen eller rumpa di
- tar tissen, fingrane eller andre ting inn i din tiss eller rumpe
- ber deg om å ta på eller slikke på tissen deira
- viser deg bilete eller film av nakne menneske som gjer seksuelle handlingar, og du må sjå på dette
Litt meir om vonde berøringar som er seksuelle overgrep:
Av og til er det slik at desse vonde berøringane kan kjennast gode ut. Det er fordi kroppen din er skapt slik at vi har noko som heiter seksuelle kjensler. Når andre barn, ungdom og vaksne gjer desse berøringane mot deg er det likevel ulovlege berøringar.
Snakk om det!
Uansett kven som gjer dette mot deg, så er det viktig at du seier i frå til ein trygg vaksen som du stolar på. Det er ALDRI den som blir utsett for seksuelle overgrep si skuld. Det er ALLTID den som gjer seksuelle overgrep si skuld.
Ved å sei i frå kan ein få slutt på overgrepa, og både du og den som gjer dette kan få hjelp.
Vi veit at det kan vere vanskeleg å fortelle om dette. Det kan vere spesielt vanskeleg for deg å fortelle om det dersom det er ein i familien din som gjer seksuelle overgrep mot deg.
Mange barn fortel oss også at den som gjer seksuelle overgrep mot dei ofte skremmer eller truar dei til å ikkje skulle seie det til nokon. Dette er fordi den som gjer det veit at den gjer noko som ikkje er lov, likevel er det viktig at du fortel det til nokon.
Nokre barn som opplev seksuelle overgrep fortel det til ein ven. Om din ven fortel det til deg, er det viktig at du hjelper venen din med å fortelle det til ein trygg vaksen. Ein trygg vaksen kan vere ein lærar, ein helsesjukepleiar eller ein i familien din.

