Hopp til hovudinnhald

Om oss

Nok. er eit lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Vi tilbyr og rettleiing til fagpersonar og alle andre som treng det. I tillegg driv vi med førebyggande arbeid som undervisning og kompetanseheving.

Vi jobbar for at dei utsette skal få ein betre kvardag, og for å hindre at nye overgrep skjer. Alle brukarar ved senteret skal møtast med respekt og likeverd. Vi ønskjer å vere tilgjengeleg for alle som har behov for råd, rettleiing og støtte.

Ved behov samarbeidar vi med andre instansar.

Ønskjer du å vete meir om senteret, kan du ringe eller sende ein e-post. Du kan vere anonym og vi har teieplikt.

Kontakt oss

Meir fleirspråkleg informasjon om vald og seksuelle overgrep finn du på dinutvei.no.

Nok. si verksemd er regulert i rundskriv frå Bufdir. I tillegg inngår vi i eit fagleg samarbeid med andre Nok.-sentre over heile landet. Nok.-paraplyen samlar sentera om ein felles fagleg plattform og etiske retningslinjer. Dette for å sikre høg fagleg kvalitet og eit likeverdig tilbod uavhengig av kvar i landet du bur.

Flagg som representerer tilgjengelege språk

Saman finn vi vegen vidare