Tilpassa tilbod
Alle brukarar ved senteret skal bli møtt med respekt og likeverd. Vi ynskjer å vere tilstades for alle som er utsett for seksuelle overgrep og pårørande som har behov for råd, rettleiing og støtte. Du kan vere anonym og alle tilsette og brukarar har teieplikt. Du kan og få tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod.
Nok.-sentra har ein felles faglig plattform og rettleiar for eit tilpassa tilbod til alle kjønn, personar med funksjonsnedsetting og fleirkulturelle brukarar. Vi ynskjer å ha eit inkluderande tilbod for alle.
Dersom du har behov for tilrettelegging, ta kontakt med oss og så finn vi ei løysing som passar for deg.
Treng du tolk?
Når det er behov for tolketeneste, er det noko vi kan ordne. Vi brukar då tenesta Tolkenett.
Senterets fysiske utforming
Senteret ligg i Førde sentrum, adressa er Fjellvegen 18 (gamle politistasjon). Lett tilkomst for menneske med varierte funksjonsnedsettelsar. Samtalerom, allrom og toalett er på eit plan.

