Hopp til hovudinnhald

Fagpersonar

Nok. er og ein fagressurs som tilbyr råd, rettleiing og fagleg støtte i saker som handlar om seksuelle overgrep. Vi kan bidra med drøfting av bekymringar, rettleiing om handtering av saker og informasjon om aktuelle hjelpetiltak.

Nok.-sentera finst over heile landet, vi har felles fagleg plattform og etiske retningslinjer som sikrar høg fagleg kvalitet og eit likeverdig tilbod. Dei faglege rådgjevarane våre har god kompetanse om seksuelle overgrep og lang erfaring i å snakke med utsette.

Omfanget av seksuelle overgrep er i dag så omfattande at Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer det som eit av dei største folkehelseproblema vi har i dag.

Føredrag

Mange yrkesgrupper, arbeidsplassar og utdanningsinstitusjonar ønskjer meir informasjon og undervisning om seksuelle overgrep og om senteret si verksemd. Vi prøvar å skreddarsy opplegg slik at det skal bli mest mogleg matnyttig for dei som tek kontakt.

Ta kontakt for meir informasjon om kva vi kan hjelpe deg med.

Fagpersonar si rolle i møte med overgrepsproblematikk

På dette føredraget kan vi blant anna snakke om;

  • Kven er Nok. Sogn og Fjordane, og kva gjer vi?
  • At seksuelle overgrep finst, også rundt deg
  • Kva er seksuelle overgrep og korleis opplevast det
  • Konsekvensar det kan føre til
  • Teikn og symptom
  • Korleis skape rom for barn til å kunne fortelje

Hjartesamling

Vi veit at dei fleste overgrep gjerne startar i barnehagealder og at overgrepa vert utført av nokon barnet kjenner.

Vi ynskjer difor å rette fokus mot dei tilsette i barnehagane med føredraget Hjartesamling.

Hjartesamling er ein metode utvikla for å gje barn språk og verktøy til å fortelje om det som er vanskeleg. Opplegget består av fem samlingar som tek opp ulike og viktige tema som alle barn bør lære om. Vi tenkjer at barna har best utbytte av at det er dei faste, kjende og trygge vaksne i barnehagen som gjennomfører Hjartesamling saman med dei.

Tema i Hjartesamling er:

  • Berøringar
  • Kjensler
  • Mobbing
  • Hemmelegheiter
  • Kropp

Vi ynskjer og at alle tilsette i barnehagane skal ha kjennskap til og ei grunnforståing for kva det gjer med barn å bli utsett for seksuelle overgrep. Kva teikn og symptom ein kan sjå etter og kva ein skal gjere dersom ein er bekymra for eit barn.

Undervisning i grunnskulen

Nok. gir tilbod til grunnskulane, primært 5. trinnet om førebyggande undervisning om blant anna temaet seksuelle overgrep.

Undervisninga omfatter temaene:

  • Gode og vonde berøringar
  • Gode og vonde hemmelegheiter
  • Kroppen vår, private område, grenser, sex og samtykke
  • Kva er seksuelle overgrep?
  • Porno, og kva ein kan oppleve på nett og sosiale media
  • Trygge vaksne
  • Å vere ein besteven

Undervisning til elevar og russ ved vidaregåande skular

Vi tilbyr undervisning til vidaregåande skular. Gjennom opne og ærlege samtalar ønskjer vi å ruste ungdommane til å ta gode val og skape ein tryggare kultur. Vi trur på førebygging gjennom dialog og informasjon.

Undervisninga omfattar tema som:

  • Kven er vi og kva gjer vi
  • Samtykke
  • Grenser
  • Porno
  • Sunn og god seksualitet
  • Trygge vaksne

Bilde av klasserom