Til pårørande
Som pårørande til personar utsett for seksuelle overgrep kan du ha mange spørsmål, erfaringar og kjensler som du har behov for å snakke om. Vi har kunnskap og erfaring til å hjelpe deg, anten du er forelder, anna familiemedlem, partnar eller ven.
På eit Nok.-senter kan du få kunnskap om vanlege reaksjonar etter eit overgrep, og hjelp til å bearbeide eigne tankar, kjensler og reaksjonar. Hos oss finn du ein trygg stad å snakke om relasjonar og om korleis du kan ta vare på både den som er utsett og deg sjølv.
Alle tilsette har teieplikt. Gje beskjed om du treng tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod. Vi er her for deg.
Einesamtalar
I einesamtalene får du snakke med ein fagleg rettleiar ved senteret som har kunnskap om seksuelle overgrep og traume. I den fyrste samtalen vil vi fortelje deg litt om korleis vi jobbar og kva vi kan hjelpe deg med.
Du bestemmer sjølv kva du deler og vil fortelje. Å komme til samtale er heilt uforpliktande. Dette inneber at du har moglegheit for vidare oppfylging, men at du også kan avvikle når du sjølv vil.
Nettverkssamtalar/pårørandesamtalar
Dersom du som pårørande ønskjer å ha med andre på samtalen, til dømes den utsette, lege, psykolog, lærar, helsesøysterpleiar eller andre fagpersonar kan vi avtale ein nettverkssamtale/pårørandesamtale. Dette kan vere fint dersom du trong at fleire fagpersonar skal samarbeide eller at du bare vil ha med deg nokon for å føle deg tryggare.
Gruppetilbod
Her kan du møte andre pårørande. Mange opplever at det er fint å kunne fortelje historia si og dele erfaringar med andre som har vore i same situasjon.
Eventuelle gruppetilbod vert leia av ein fagleg rådgjevar. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

