Seinverknader
Reaksjonar etter seksuelle overgrep kan vere svært ulike frå person til person. Nokon merkar reaksjonar med ein gong, medan andre først opplev dei månader eller år seinare. Mange av reaksjonane er normale responsar på unormale og traumatiske hendingar.
Overgrep kan påverke både kroppen, tankane, kjenslene, relasjonane og kvardagen. Samtidig er det viktig å understreke at ikkje alle som har opplevd overgrep, utviklar langvarige plager. Korleis ein reagerer, blir påverka av mange faktorar, mellom anna alder, type overgrep, støtte frå omgjevnadene og om ein har fått hjelp til å bearbeide det som har skjedd.
Det finst hjelp. Mange opplev at reaksjonane blir mindre belastande når dei får kunnskap om kva som skjer, og støtte til å bearbeide opplevingane.
