Hopp til hovudinnhald

Til utsette

Vi er eit gratis hjelpetilbod for deg som har opplevd seksuelle overgrep. Du treng ikkje tilvising frå lege, og du kan ta kontakt når du treng det. Hos oss kan du fortelle om det du har opplevd i ditt eige tempo. Vi har kunnskap om vanlege reaksjonar etter seksuelle overgrep. Her kan du fortelle trygge fagpersonar om det som har skjedd og få hjelp til å bearbeide tankar, kjensler og reaksjonar. Du kan og få hjelp til å fortelle familie eller andre pårørande om det som har skjedd. Dersom du ønskjer det, kan vi hjelpe deg med å melde saka til politiet eller bistå i møte med øvrige hjelpeinstansar.

Senteret ligg i Førde sentrum, adressa er Fjellvegen 18 (gamle politistasjon). Lett tilkomst for menneske med varierte funksjonsnedsettelsar. Samtalerom, allrom og toalett er på eit plan. Alle tilsette har teieplikt. Gje beskjed om du treng tolk eller anna tilrettelegging.

Seinverknadar etter seksuelle overgrep kan vere mange, som ulike psykiske problem, konsentrasjons- og lærevanskar, dårleg sjølvbilete, rusmisbruk, angst og depresjon. Det er normale reaksjonar på ei unormal hending. Hjå oss er det plass til alle kjensler, tankar og reaksjonar - og til prosessar som kan ta litt tid.

Vi tør å spørje og vi toler å høyre.

Nærbilde av øyne

Einesamtalar

I einesamtalane får du snakke med ein fagleg rådgjevar ved senteret som har kunnskap om seksuelle overgrep og traume. I den fyrste samtalen vil vi fortelje deg litt om korleis vi jobbar og kva vi kan hjelpe til meg. Du vel sjølv kor mykje du vil fortelje. Å kome til samtale er heilt uforpliktande. Dette inneber at du har moglegheit for vidare oppfylging, men at du også kan avslutte når du sjølv vil.

Bur du langt unna kan vi avtale å ha samtalar på telefon.

Gruppetilbod

Eventuelle gruppetilbod vert leia av ein fagleg rådgjevar. Vi gjer oppmerksom på at senteret har eit litt varierande gruppetilbod. Vi ynskjer godt fungerande grupper, men ser at det er utfordrande å få til både på grunn av logistikkmessige omsyn, lange avstandar og ulike behov hjå brukarane.

Nettverkssamtalar/pårørandesamtalar

Både brukarar, partnarar og pårørande kan ha samtalar på senteret. Dersom du ønskjer å ha med andre på samtale, til dømes lege, psykolog, lærar, andre fagpersonar eller pårørande kan vi avtale ein nettverksamtale/pårørandesamtale. Dette kan vere bra dersom du treng at fagpersonar som er rundt deg skal samarbeide med oss, eller at du berre vil ha med deg nokon for å føle deg tryggare.

Hjelp til sjølvhjelp

Det finns ressursar i alle menneske som kan aktiverast, erobrast på nytt og mobiliserast når vi møter utfordringar som gjer livet vanskeleg. Nokre gonger treng ein også rettleiing, fellesskap, støtte og reiskap for å mobilisera eigne ressursar til sjølvhjelp. Det får du hjå oss.

Alle tilboda våre er basert på prinsippet om hjelp til sjølvhjelp. Når du tek kontakt med oss har allereie tatt dei første stega og har starta å handsame utfordringane du har i livet ditt. Arbeidet med hjelp til sjølvhjelp tek utgangspunkt i dine ressursar og di eiga forståing av situasjonen du er i.

Saman finn vi vegen vidare.

Digital sjølvhjelp - ei plattform til hjelp for deg.

Vi har utarbeida ei digital plattform. Vi håpar denne kan gje deg eit eller fleire verktøy i ditt eige sjølvhjelpsarbeid. Du kjem til den digitale plattformen ved å trykke her: Digital sjølvhjelp

Saman finn vi vegen vidare.

To personar som held hender