Møte med somatikken

Når pasienten har vore utsett for seksuelle overgrep kan det gje seg utslag i ulike tilleggsvanskar når det gjeld diagnostisering og behandling. Her vert det peika på ein del område behandlaren bør vere merksam på.

Relasjonar
Nokre av dei som har blitt usett for seksuelle overgrep har problem med å stole på andre og treng tid for å bli trygge. For nokre kan det difor vere viktig å til dømes bruke tid før ei undersøking. Det kan opplevast vanskeleg å skulle forhalde seg til mange ulike personar både under ei undersøking og i eit lengre behandlingsløp.

Å bli spurt direkte
Fleire av brukarane ved senteret har uttrykt at dei ønskjer å bli spurt direkte om dei har vore utsett for seksuelle overgrep. Mange seier at dei sjølv tykkjer det er vanskeleg å fortelje, og at det ville vore lettare å bli spurt direkte.

Tap av kontroll
Mange pasientar som har opplevd overgrep har behov for å ha kontroll over eige liv. Dette behovet bunnar ofte i at dei under overgrepa vart fråteken kontrollen og andre tok makt over dei. Det å få behov for medisinsk hjelp ved sjukdom kan opplevast som tap av kontroll for nokon.

Det kan vere skremmande å ikkje vete kva ei behandling skal gå ut på. Gjer det vondt? Skal dei ta blodprøver? Må eg kle av meg? Blir det mange til stades? Fysisk nærleik vert opplevd som vanskeleg for mange. Ein lege eller sjukepleier kan både ha behov for å ta på, flytte på eller gjere inngrep på pasienten. Dette kan opplevast som ubehageleg, og gjeld særleg om denne berøringa kjem uførebudd. Ved innlegging på sjukehus kjem i tillegg pasienten bort frå sine næraste, og kan føle seg ”prisgitt ei overmakt”.

Gynekologiske og andre intime undersøkingar
Det å bli undersøkt på intime kroppsdelar kan gi direkte assosiasjonar til overgrep. Slike undersøkingar kan vere svært vanskeleg, og nokon kan dissosiere. Med dette meiner vi å sette seg sjølv utanfor situasjonen og blokkere for inntrykk frå omverda. Dette merkar ikkje alltid behandlaren, men kan vere svært ubehageleg for pasienten.

Fysisk smerte
For mange var dei seksuelle overgrepa veldig smertefulle. Det kan då seinere oppstå forbinding mellom fysisk smerte og vonde minne. Det er ofte ikkje den fysiske smerta pasienten reagerer på, men sjølve situasjonen eller minna som dukkar opp. For behandlaren kan det synast som om pasienten overreagerer. Det å oppleve seg sjølv som vanskeleg, ein som tar ekstra plass, eller blir sett på som sytete kan opplevast vanskeleg. Mange som opplev seksuelle overgrep dissosierer, dette kan og skje i ein behandlingssituasjon. Desse kan virke tilsynelatande uberørt av smerten, og ”tåle alt” i tausheit.

Undersøking av einskilde kroppsdelar
Undersøkingar av stader på kroppen som vart utsett for seksuelle overgrep, kan utløyse flashbacks. Dette treng ikkje berre å gjelde dei intime delane, men kan vere halsen som ble holdt over, handa eller hovudet som vart pressa ned.  Skjer slike flashbacks vil behandlar kunne oppdage dette gjennom ulike reaksjonar, mens nokon kan dissosiere. Det er difor viktig å heile tida kommunisere med pasienten.

Å sette grenser
For nokon kan det vere vanskeleg å uttrykke eigne behov, seie frå ved misnøye eller sette andre ”naturlege” grenser. Dette kan for enkelte bli særleg vanskeleg i ein pasientrolle, då dei kan oppleve å vere underlagt andre si makt eller autoritet. Nokon tykkjer kanskje det er lettare å seie frå om dette dersom dei opplev å bli gitt opning for å sette grenser. Dette kan til dømes vere ved at ein lege poengterer at det er berre å seie frå om noko vert opplevd som ubehageleg, eller spør korleis det går.