Om oss

Nok. er eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Vi er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing og undervisning til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar om tema som omhandlar seksuelle overgrep.

 

Vi jobbar for ei betre framtid for dei som har blitt utsett, og for å hindre at nye overgrep skjer. Med fagleg tryggheit, omsorg og personleg kompetanse hjelper vi deg å bearbeide det som er vanskeleg.

Alle brukarar ved senteret skal møtast med respekt og likeverd. Vi ynskjer å vere tilgjengeleg for alle som har behov for råd, rettleiing og støtte.

Ynskjer du å vete meir om senteret, kan du ringe eller sende ein e-post. Du kan vere anonym og vi har teieplikt.

Ved behov samarbeidar vi med andre instansar.

Kontakt oss

 

Meir fleirspråkleg informasjon om vald og seksuelle overgrep finn du på dinutvei.no.

Nok. si verksemd er regulert i rundskriv frå Bufdir. I tillegg inngår vi i eit fagleg samarbeid med andre Nok.- sentre over heile landet. Nok.-paraplyen samlar sentera om ein felles fagleg plattform og etiske retningslinjer. Dette for å sikre høg fagleg kvalitet og eit likeverdig tilbod uavhengig av kvar i landet du bur.

 

Flagg

Saman finn vi vegen vidare