Tilpassa tilbod

Alle brukarar ved senteret skal bli møtt med respekt og likeverd. Vi ynskjer å vere tilstades for alle som er utsett for seksuelle overgrep og pårørande som har behov for råd, rettleiing og støtte. Du kan vere anonym og alle tilsette og brukarar har teieplikt. Du kan og få tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod.

Nok.-sentra har ein felles faglig plattform og  rettleiar for eit tilpassa tilbod til alle kjønn, personar med funksjonsnedsetting og fleirkulturelle brukarar. Vi ynskjer å ha eit inkluderande tilbod for alle.

Dersom du har behov for tilrettelegging, ta kontakt med oss og så finn vi ei løysing som passar for deg.

Treng du tolk?

Når det er behov for tolketeneste, er det noko vi kan ordne. Vi brukar då tenesta Tolkenett.

 

Senterets fysiske utforming

Senteret er i ein vanleg einebustad. Ein kan kome seg inn ved hjelp av rullestolrampe ved behov. Samtalerom, allrom og toalett er på eit plan.

Person_sort_rgb

Kva skjer når du kjem til senteret?

Fyste gong du kjem til senteret vil du bli møtt av ein fagleg rettleiar. Du vil få ei omvisning på huset om du ynskjer det, og tilbod om noko å drikke. Den faglege rettleiaren vil bli med deg til eit av samtaleromma, her vil du få informasjon om senteret og våre tilbod.

elijah-m-henderson-xcOvbyOEgmc-unsplash