Litt om juss

Her finn du informasjon om ulike juridiske emne som straffelovens regelverk om seksuelle overgrep, melding av saker til politiet – kva skjer då? Kven har rett til bistandsadvokat og kva kan denne hjelpe til med, erstatning og dei ulike ordningane som er og til slutt litt om meldeplikta.

Seksuelle overgrep i straffelova

Les meir om dette i Straffeloven og dinutvei.no

 

Straffelova skil på seksuallovbrot etter omgrepa seksuell omgang, seksuell handling og seksuelt krenkande åtferd. Seksuelle overgrep er straffbart enten det er utført med trugslar eller vald, eller det er gjort mot ein person som ikkje var i stand til å motsetje seg handlinga. Dette kan til dømes vere dersom personen er medvitslaus eller søv, eller av andre grunnar ikkje er i stand til å samtykke.

Valdtekt er definert som seksuell omgang ved bruk av vald eller trugslar, eller mot nokon som er medvitslaus eller ute av stand til å motsetje seg handlinga. Det er også valdtekt dersom ein «(...) ved vald eller trugande oppførsel får nokon til å ha seksuell omgang med ein annan, eller til å utføre handlingar som svarar til seksuell omgang med seg sjølv» (Straffelova §291).

Seksuell omgang omfattar, men er ikkje avgrensa til, innføring av penis i skjede- eller endetarmsopning, innføring av penis i munnen til fornærma, innføring av objekt i skjede- eller endetarmsopning (Straffelova §292). Seksuell omgang kan og innebere masturbasjon og samleieliknande handlingar, innføring av fingre i skjede- eller endetarmsopning, eller sleiking av kjønnsorgan (dinutvei.no).

Seksuell handling kan innebere å ta på (beføle) ein annan person sine bryst eller kjønnsorgan (dinutvei.no). Seksuelle handlingar utan samtykke blir omtala i straffelova § 297.

Seksuelt krenkande åtferd inneber «seksuelt krenkande eller annen uanstendig framferd a) på offentleg stad, eller b) i nærvær av eller overfor nokon som ikkje har samtykka til det (Straffeloven §298)”. Døme på dette kan vere blotting, uanstendige rørsler eller ordbruk. Det inneber også framferd over internett, som publisering av fotografi eller levande bilete når ikkje mottakaren har samtykka i å motteke bileta (dinutvei.no).

 

Det er eigne straffebod for barn under 14 år, og barn under 16 år

 

Det går fram av lova at all seksuell omgang og seksuelle handlingar med barn under 16 år er straffbart. Fordi barn under 16 år ikkje er rekna som samtykkekompetente i Noreg, blir det ikkje stilt dei same krava til tvang eller medvitslause for at ein skal rekne ei seksuell handling mot ein person under 16 år som eit overgrep ifølgje straffelova. I tillegg er det straffbart å ha avtalt møte med barn under 16 år med forsett om å ha seksuell omgang, utføre seksuelle handlingar eller seksuelt krenkande framferd. Dette er straffbart sjølv om overgrepet enno ikkje har skjedd (Straffeloven §299 – 308). Det er også ulovleg å lage, eige eller oppbevare framstillingar av overgrep mot barn, eller framstillingar som seksualiserar barn under 18 år. Dette kan til dømes vere bilete eller film (Straffeloven §311).

 

Incest og seksuell omgang med andre nærståande

 

Straffelova omtalar også overgripar sin relasjon til offeret under bestemmingane om høvevis incest, søskenincest og seksuell omgang med andre nærståande, og syner til strafferåmane på seksuelle overgrep utført innan for relasjonar. Incest er i straffelova omtala som seksuell omgang med slektningar i nedstigande linje. Søskenincest inneber seksuell omgang med bror eller syster. Seksuell omgang med andre nærståande omhandlar overgripar sin relasjon til offeret og omfattar «(…) seksuell omgang med fosterbarn eller stebarn, eller en person under 18 år som står under hans omsorg, myndighet eller oppsikt (…) (Straffeloven §314)»

 

Kilder: 
Holt T., Hjemdal O.K., Kruse A.E., Nilsen L.G., Askeland I.R. (2016) Behandlingstilbudet til voksne som utøver vold. En nasjonal kartleggingsundersøkelse. Rapport 10/2016, NKVTS, 
dinutvei.no, 
Straffeloven, 
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Skal eg melde saka til politiet?

Mange kvinner og menn som har vore utsett for incest eller andre seksuelle overgrep, vurderer ein eller fleire gonger å melde overgrepa. Nokon gjer det, andre ikkje, medan nokon igjen brukar fleire år på å vurdere fram og tilbake. Kva som er rett for deg, veit berre du. Vi støtter den einskilde på det valet dei tek. Dette stiller seg annleis om vi får kjennskap til overgrep mot barn. Då har vi rutine på å både kontakte barneverntenesta og politi. Uansett kva tankar du har om dette, kan det vere nyttig med informasjon om kva det å melde inneber, og kva rettar du har.

Den som har vore utsett for kriminell handling må sjølv avgjere om ein ønskjer å melde forholdet eller ikkje. Generelt sett ønskjer lovgivar, politi mfl. at straffbare forhold meldast. Dette for å straffe aktuell gjerningsmann, for å hindre at vedkommande gjer nye straffbare handlingar, og for å hindre at andre gjer lovbrot (allmennpreventive omsyn).

For mange er det viktig å melde overgrep og andre straffbare forhold, sjølv om det kan ta tid før ein klarar å gjere dette. Ved å politimelde plasserast ansvaret på gjerningspersonen(e), det kan stanse handlinga(ne)/hindre at andre utsettast for det same og det er for mange viktig i forhold til den medisinske/rehabiliteringsmessige prosessen. Det finnast svært mange viktige grunnar for å politimelde straffbare forhold. Politimelding er og vanlegvis eit vilkår for å kunne tilkjennast valdsoffererstatning.

Det kan vere forhold som gjer det vanskeleg å politimelde straffbare forhold, for eksempel dersom gjerningspersonen (e) er eit nært familiemedlem eller ein ven/kjenning. Det kan også vere helsemessige eller behandlingsmessige forhold som gjer det vanskeleg å gå til politiet. I desse tilfella vil det ofte vere hensiktsmessig å søke hjelp hos advokat og/eller behandlar, som kan gje råd, støtte og hjelp vidare i prosessen. I samband med dette er det viktig å vete at politi, advokatar (herunder bistandsadvokatar) og leger mv har teieplikt.

Dersom politiet skulle få kjennskap til den straffbare handlinga på anna måte, for eksempel ved at eit vitne fortel om hendinga eller ved at politiet kjem til åstaden, vil politiet ofte på eige initiativ opprette straffesak/starte etterforsking.

Dei som har vore utsett for valdtekt/valdtektsforsøk har rett på gratis advokat opp til tre timar for å vurdere om ein skal politimelde forholdet eller ikkje. I sakar som gjeld seksuelle overgrep, sakar som gjeld alvorlege personskadar og i særlege tilfelle kan fornærma/-etterlatte få bistandsadvokat under etterforskinga, i tilfelle rettssak og for å søke om valdsoffererstatning (sjå lenger nede på sida).
Nokon stiller spørsmål om det er noko poeng å melde dersom ein ikkje har (nok) bevis i saken. Til dette vil vi sei at det er politiet si oppgåve å søke etter bevis, og at ein ikkje kan vete på førehand kva etterforskinga vil avdekke.

 

Hos politiet

Det kan ofte vere hensiktsmessig å ringje politiet og avtale dag/tidspunkt for frammøte for melding av sak. Dette er ikkje påkravd, men vil kunne sikre at ein slepp å måtte vente, eller i verste fall måtte komme tilbake ein anna dag. Dersom overgrepa/handlinga nettopp har funnet stad bør ein oppsøke politiet snarast, i alle fall ta telefonisk kontakt og informere.

Husk å ta med eventuelle bevis når du møter hos politiet. Dette kan for eksempel vere bilete, dokumentar (for eksempel kopi av legejournal som dokumenterer skade), sms-korrespondanse osv. Ein kan og lage oversiktar, for eksempel over aktuelle vitne, og/eller redegjering for kva som har skjedd, som ein kan gje til politiet – om ein ønskjer.

Ein bør også ta med identitetsbevis, slik at ein kan dokumentere sin identitet.
Ein kan ha med seg ein støtteperson, og/eller bistandsadvokat dersom ein har dette. Det er viktig at støttepersonen ikkje er eit mogleg vitne i saka.

Politimeldinga/avhøyret vil bli tatt på eit eige kontor, og ofte vil dette bli tatt opp på lyd eller video.
I starten vil politiet normalt informere om ein del formelle forhold. Dei vil blant anna opplyse om at ein pliktar å snakke sant, det er straffbart å bevisst inngje falske meldingar osv. Dette er standard prosedyre, som informerast om til alle fornærma/vitne.

Politiet vil normalt starte med å be om personalia mm, samt ta opp spesielle forhold, kanskje gje noko informasjon osv.

Deretter vil ein ofte få eit ope spørsmål, for eksempel av typen “kva har skjedd?”. Her skal ein med eigne ord forklare kva som har skjedd. Det er ofte hensiktsmessig med litt bakgrunnsinformasjon, før ein går over på den aktuelle, straffbare handlinga. Her er det veldig viktig å uttrykkje seg klårt og presist, og å få med så mange detaljar som mogleg. I mange sakar kan detaljane vere heilt avgjerande for saken. Dersom ein klarar kan det vere hensiktsmessig å gje opplysningane i tidsrekkefølgje, men dette er ikkje avgjerande for saka. Det er viktig å vere presis, som nemnd å få med flest mogleg opplysningar/detaljar, men også å uttrykke tvil – der det er aktuelt.  Etter dette er det vanleg at politiet følgjer opp med ulike konkrete spørsmål, der dei bl.a. ber om utfyllande opplysningar.

Politiet vil skrive ned det viktigaste av forklaringa. Seinare må ein lese gjennom denne for å kontrollere at alt er korrekt oppfatta av politiet. Det er veldig viktig at ein les svært nøye gjennom den nedskrivne forklaringa. Alle feil og misforståingar mm må påpeikast, slik at det kan gjerast korrigeringar. Ein bør også legge til opplysningar dersom dette er naudsynt. Når alt er i orden må ein underskrive politidokumentet.

 

Eventuelle nye avhøyr

Av og til er det naudsynt med eit eller fleire nye avhøyr. Det kan vere at politiet treng fleire opplysningar e.l. I nokre sakar kan det og vere aktuelt å sjå gjennom bilete for å forsøke å identifisere ukjente gjerningspersonar osv.

 

Den vidare politietterforskinga

Etter politimeldinga vil politiet ved ein politietterforsking arbeide vidare med saka. Det er særleg to forhold som står sentralt for etterforskaren; skaffe best mogleg oversikt over saka (kva har skjedd mm) og undersøkje kva som finnast av bevis. Det krevjast i straffesaker bevis for å få saka overført til domstolane og for å dømme gjerningsmann. Etterforskinga av straffesaker tek ofte lang tid.

Når saka er ferdig etterforska vil den bli overført til ein politiadvokat/-fullmektig. Denne vil blant anna vurdere om det er tilstrekkeleg med bevis, og i tilfelle kva straffebestemming som skal nyttast. Dersom det er tilstrekkeleg med bevis, og saka ikkje er forelda, så vil denne bli overført til domstolane.
Dersom politiet skulle leggje vekk (avslutte) saka, vil fornærma innan tidsfrist kunne klage på avslaget til statsadvokaten. Det er ofte to forhold som kan grunngje ein klage; enten at ein er av den oppfatning at politiet ikkje har gjennomført alle relevante etterforskingsskritt (for eksempel ikkje avhøyrd alle vitne) og/eller at ein meiner at det er nok bevis i saka.
Dersom saka vert sendt over til domstol for vidare behandling må fornærma førebu seg på rettssaka, innsende erstatningskrav mm. Rettssaka endar med frifinning eller dom. Sjølv om saka endar med frifinning, kan den frikjende bli dømd til å betale offeret erstatning. Ei henlagt melding vil også bli arkivert i politiet sine register. Dersom overgriparen har fleire saker på seg, vil også meldinga di styrke saka mot han/ho

 

Kven har rett til bistandsadvokat?

Domstolane kan/skal utnemne bistandsadvokat i visse alvorlege straffesaker. Bistands-advokaten skal hjelpe de(n) fornærma/etterlatne i saka, og arbeidet betalast av domstolane.

Når har ein rett på bistandsadvokat?

I enkelte sakstypar har fornærma/skadelidde krav på å få utnemnd bistandsadvokat. Dette gjeld blant anna i følgjande sakstypar:

Valdtekt (straffeloven § 291)
Seksuell omgang ved misbruk av stilling, avhengigheitsforhold eller tillitsforhold (straffe-loven § 295)
Seksuell omgang med barn under 14 år/16 år (straffeloven § 302/§ 303)
Incest (straffeloven § 312)
Seksuell omgang med fosterbarn mv (straffeloven § 314)
Visse familievaldssaker (straffeloven § 282)
Tvangsekteskap (straffeloven § 253)
Kjønnslemlesting (straffeloven §284)
Visse alvorlege personskadesaker (der ein er påført stor skade(r))
Visse etterlatne i drapssaker
Besøksforbod/kontaktforbod i eigen heim (straffeprosessloven § 222a)
Domstolane kan også utnemne bistandsadvokat i andre saker, der “sakens art og alvor, hensynet til de berørte eller andre særlige forhold tilsier at det er behov for advokat”.

Kva kan bistandsadvokaten hjelpe med?

Bistandsadvokatane sine arbeidsoppgåver regulerast av Straffeprosessloven § 107c, og eventuelle retningslinjer gitt av domstolane. Av nemnde lovbestemming følgjer det at bistandsadvokatane skal ivareta de(n) fornærma/etterlatne sine “interesser” samt gje “anna hjelp og støtte som er naturleg og rimeleg” i saka.

Bistandsadvokaten kan hjelpe fornærma med å vurdere om saka skal politimeldast. I dei tilfelle saka meldast vil bistandsadvokaten hjelpe til med sjølve meldinga og under etterforsking av straffesaka. Dersom straffesaka leggjast bort vil fornærma kunne få hjelp til ein eventuell klage. Om saka vert sendt over til domstolane vil bistandsadvokaten hjelpe i rettssak, blant anna med å fremje erstatningskrav. Bistandsadvokaten vil også kunne hjelpe med å søke om valdsoffererstatning frå Kontoret for voldsoffererstatning/-Erstatningsnemnda for voldsofre. Mange er i tvil om ein skal/kan melde eit forhold. Det vil då ofte vere lurt å konsultere ein bistandsadvokat, som kan informere om rettar mm og hjelpe med sjølve meldinga.

Under politiet si etterforsking av saka er det ofte behov for å informere og forklare klienten om ulike juridiske og praktiske tilhøve. Advokaten kan få utlevert politidokument, for på denne måte informere om kva som skjer i saka osv. Bistandsadvokaten kan også be om etterforskingsskritt, samt framsette supplerande bevis. Advokaten har også rett til å vere til stade i eventuelle rettsmøte og representere fornærma.

Eit stort tal saker vert lagt bort av politiet. Dersom fornærma er ueinig kan bistandsadvokaten klage på avgjersla til statsadvokaten. Dette kan for eksempel vere aktuelt der ein meiner at politiet ikkje har gjennomført alle relevante og naudsynte etterforskingsskritt eller der ein meiner at det føreligg tilstrekkelege bevis for domfelling i saka.

I ein rettssak vil bistandsadvokaten ivareta klient/fornærma sine interesser, og kan blant anna stille spørsmål til vitne mm. Bistandsadvokaten har også rett til å uttale seg om prosessuelle spørsmål som vedkjem fornærma/etterlatne. Advokaten vil vidare leggje fram og prosedere eventuelle erstatningskrav.

Bistandsadvokaten vil kunne hjelpe med å søke om valdsoffererstatning frå Kontoret for valdsoffererstatning, medrekna krav om oppreising, krav om dekking av påførde og framtidige utgifter, påført og framtidig inntektstap og eventuell menerstatning.

 

Kva bistandsadvokat skal eg ha?

Det finnast ingen fasit på kven ein skal velje som bistandsadvokat. Generelt bør ein velje ein advokat som er fagleg dyktig (advokat med høg fagleg kompetanse, erfaring mv), som kan hjelpe rimeleg raskt (advokat som er tilgjengeleg, handsamar saka raskt osv.), og som yt god service (ein som forstår og tek seg av fornærma på ein god måte mm).

 

Erstatning

Vi får nokre gongar spørsmål om erstatning etter seksuelle overgrep, vi vil forsøke å forklare litt om dei ordningane som finnast. Desse ordningane gjeld fleire forhold enn seksuelle overgrep, men vi skriv spesielt i forhold til det.

 

Valdsoffererstatning

Har du blitt utsett for ein straffbar handling som var prega av vald og tvang, og er blitt påført ein personskade som følgje av dette, kan du ha rett til erstatning frå staten. Valdsoffererstatning gjeld personskade på grunn av straffbar handling som er skjedd i Norge etter 1.januar 1975. Har overgrepa skjedd før 1975, gjeld ikkje denne ordninga.

Det er 4 hovudkriterie som må vere oppfylt:

• det må sannsynleggjerast at det har skjedd ein straffbar handling
• den straffbare handlinga ber preg av vald og tvang
• det må føreliggje ein personskade
• det må vere årsakssamanheng mellom handlinga som er utført, og den skaden du har

Vald og tvang
Ved incest og andre seksuelle overgrep, vil det føreliggje ein form for tvang, sjølv om direkte vald ikkje er brukt.

Personskade
Det treng ikkje vere fysiske skadar på kroppen. Også psykiske skadar etter seksuelle overgrep går inn under ordet personskade, sjølv om dette kan vere vanskeleg å dokumentere.

Årsakssamanheng
Det er ikkje nok at overgrepa bekreftast og at den utsette for eksempel har psykiske plagar. Det må sannsynleggjerast at skaden skuldast overgrepa.

Kva kan erstattast?
Økonomisk tap
• medisinsk behandling
• eigenandelar og medisinar
• reiseutgifter i samband med behandlinga
• utgifter til behandling av tannskadar
• erstatning for øydelagde klede og andre personlege bruksting du hadde på deg då valdsepisoden fann stad
• inntektstap som følgje av skaden
• framtidige utgifter som følgje av skaden

 

Menerstatning

Dersom du har fått varig og stor skade av medisinsk art kan du søkje menerstatning dersom erklæring frå spesialist konstaterer at valdsepisoden har ført til minst 15 % invaliditet og at den vil vare ved i 10 år eller meir.

 

Oppreising

Oppreisingserstatning er ein skjønnsmessig utmålt eingongssum for tort og svie, og for anna krenking, eller skade av ikkje-økonomisk art.

 

Forelding

Dersom handlinga har skjedd før 1.juli 2001 så foreldes ikkje kravet på valdsoffererstatning frå staten. Handlingar etter dette tidspunkt foreldes som hovudregel etter 3 år, men aldri mindre enn foreldingsfristen for det straffbare forholdet etter straffeloven.

 

Søknaden

Du kan sende søknad om valdsoffererstatning på eige skjema, skjemaet kan du få hos Kontoret for valdsoffererstatning, politiet, rådgjevingskontora for kriminalitetsofre, NAV. Her kan du også få hjelp til å fylle ut skjemaet. Det kostar ikkje noko å fremme søknad. Søknaden om valdsoffererstatning skal sendast til: Kontoret for valdsoffererstatning, postboks 253, 9951 Vardø. Eit vedtak fra Kontoret for valdsoffererstatning kan klagast inn for Erstatningsnemnda for valdsofre. Klage skal sendast til Kontoret for voldsoffererstatning.

Vær merksam på at informasjonen du får her ikkje tek opp alle sider ved ordninga, men er ei grov oversikt som byggjer på informasjon frå Kontoret for voldsoffererstatning. Vil du vete meir, så finn du det på Voldsoffererstatning.no

 

Rettferdsvederlag (tidligere statens billighetserstatning)

Dette er ein erstatningsordning for personar som meiner dei er påført skade eller ulempe som ikkje dekkast av andre ordningar. Erstatninga ytast på grunnlag av ein rimelegheitsvurdering i kvart enkelt tilfelle og utmålinga er skjønnsmessig. Ordninga tek ikkje sikte på å dekke økonomisk tap, men er meint som ein økonomisk yting for den skade ein er påført, som for eksempel seksuelle overgrep skjedd før 1975.
Søknadar om rettferdsvederlag på grunnlag av seinverknader etter seksuelle overgrep behandlast etter ein konkret vurdering. Her sjåast det på sannsynlegheita for at overgrepa har funne stad, kva som har skjedd, samt ein vurdering av skadeverknadane. Det krevjast ikkje politimelding av forholdet, og saka di er aldri for sein å få vurdert, for den vert aldri forelda ikkje i forhold til rettferdsvederlaget.
Det må følgje med ei utfyllande skriftleg erklæring om overgrepa. Det er ein fordel om ein sakkyndig gjer greie for sannsynlegheita for at overgrepa har funne stad, årsakssamanheng og eventuelle seinare psykiske lidingar. Eventuelle vitneutsegn frå familie, vener eller andre vil også kunne styrke søknaden. Her dekkast ikkje utgifter du måtte ha for å få papira på plass.

Normalt skal oppgitt overgripar få moglegheit til å uttale seg om skuldingane som er retta mot vedkommande, men dersom søkjer ikkje ønskjer dette av ein eller annan grunn, vil det bli respektert.

Informasjonen du får her tek ikkje opp alle sider ved ordninga, men er ei grov oversikt henta frå Justissekretariatene. Ønskjer du meir informasjons så finner du det på Statens sivilrettsforvaltning

Les mer om adgangen til fri rettshjelp . Det finst også moglegheiter for å få gratis juridisk rettleiing, Jusshjelpa i Midt-Norge er ei slik teneste.  JURK gir også gratis rådgjeving, men er eit tilbod kun til kvinner.

 

Meldeplikt

Offentleg tilsette og enkelte yrkesgrupper har lovpålagd opplysningsplikt ovanfor barneverntenesta ved mistanke om mishandling og alvorleg omsorgssvikt.

Regelverk om opplysningsplikt er formelt sett eit unnatak frå teiepliktsreglane, som står svært sterkt i vårt samfunn. Her er det føretatt ei avveging mellom foreldre sin rett til personvern og rett til omsorg for eigne barn, og barna si rett til personvern og vern mot alvorlege former for omsorgssvikt.

Regelverket om opplysningsplikt til barneverntenesta finnast i den enkelte spesiallov for ulike yrkesgruppe, men byggjer på/er identisk med regelverket i Lov om barneverntjenester § 6-4 andre og tredje ledd som lyder som følgjer:

«(…)Offentlige myndigheter skal av eget tiltak, uten hinder av taushetsplikt, gi opplysninger til kommunens barneverntjeneste når det er grunn til å tro at et barn blir misbehandlet i hjemmet eller det foreligger andre former for alvorlig omsorgssvikt, jf. §§ 4-10, 4-11, og 4-12, eller når et barn har vist vedvarende alvorlige atferdsvansker, jf. §§ 4-24, 4-26. Like med offentlige myndigheter regnes organisasjoner og private som utfører oppgaver for stat, fylkeskommune eller kommune (…)».

«(…)også yrkesutøvere i medhold av lov om helsepersonelloven, lov om psykisk helsevern, lov om helsetjenesten i kommunene, lov om familievernkontorer og meklingsmenn i ekteskapssaker (jf. Lov om ekteskap), samt friskolelova plikter å gi opplysninger etter reglene i andre ledd.»

Meldeplikts regelen har til formål å lette informasjonsstraumen til barneverntenesta, slik at barn og unge kan få naudsynt lovbestemt hjelp frå barneverntenesta til rett tid.

 

Av eige tiltak

Av eige tiltak tydar at det er eit sjølvstendig og personleg ansvar, som ein ikkje kan velgje bort om vilkåra er til stades. Det er ei meldeplikt, som det ikkje er valfritt om ein vil følgje.

I ein dom frå Eidsivating lagmannsrett i 1999 kom retten til at meldeplikta eksempelvis påkvilar den enkelte lærar i skulen. I nokre institusjonar er det gitt rutinar for å sende bekymringsmeldingar til barneverntenesta, der for eksempel leiar er peika ut som den utførande. Dersom denne ikkje gjer det, eller ikkje er einig i bekymringa, har den enkelte lærar ansvar for å gje opplysningane vidare sjølv, om vedkomande er av den oppfatning at vilkåra er til stades.

Det er heller ikkje nok om ein set i gong hjelpetiltak på eiga hand, eller får hjelp frå andre instansar i forhold til problematikken barnet står ovanfor, dersom plikta til å melde frå fyrst er til stades. Opplysningsplikta er heller ikkje oppfylt dersom opplysningane vert gitt anonymt.

 

Utan hinder av teieplikt

Meldeplikta går forut teieplikta, og ein treng ikkje foreldra sitt samtykke for å gje barnevernet informasjon. Foreldre treng ikkje orienterast på førehand om at opplysningar gis, men dersom det etter forholda er slik at det kan gis beskjed, så skal det gjerast. Dersom det er foreldra vi har mistanke til i forhold til seksuelle overgrep, talar gode grunnar for å teie ovanfor dei. Det gjeld ikkje berre fordi det er behageleg å sleppe konfrontasjonen, men fordi barnet slik kan unngå press og truslar frå foreldra.

Dersom det seinare viser seg at saken ikkje var så alvorleg som først antatt, kan den som har meld frå likevel ikkje takast for brot på teieplikta, så lenge vedkommande hadde «grunn til å tru».

 

Grunn til å tru

Det krevjast ikkje sikker veten, men meir enn ein vag mistanke om at barnet vert mishandla eller utsett for omsorgssvikt. Det må etter ein konkret vurdering av situasjonen vere haldepunkt for å tru. Lindboe (barnvernrett 2003) hevdar at det må føreliggje ein underbyggja mistanke.

Sandberg hevdar at uttrykket «grunn til å tru» ikkje er så sterk. «Man skal ikke vente til man er sikker på at barnet blir mishandlet, ei heller til man mener det er overveiende sannsynlig. Det er nok at noe ved barnets oppførsel, en opplysning fra andre etc., får en til å tro at barnet f. eks blir seksuelt misbrukt. Når dette meldes til barneverntjenesten, blir det opp til barnevernet å vurdere forholdene nærmere og eventuelt foreta undersøkelser. På den måten blir de andre instanser fritatt fra selv å ta stilling til om det faktisk foreligger mishandling eller omsorgssvikt før de melder fra» (Andenæs et. al 2003).

 

.