Fagpersonar

Nok. er eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Vi er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing og undervisning til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar om tema som omhandlar seksuelle overgrep.

Nok.-sentera finnast over heile landet, vi har felles fagleg plattform og etiske retningslinjer som sikrar høg fagleg kvalitet og eit likeverdig tilbod. Dei faglege rettleiarane våre har høg kompetanse om seksuelle overgrep og lang erfaring i å snakke med utsette. Vi tilbyr kompetanseheving, opplysningsarbeid samt støtte og rettleiing til fagpersonar i til dømes einskildsaker.

Føredrag

Mange yrkesgrupper, arbeidsplassar og utdanningsinstitusjonar ønskjer meir informasjon og undervisning om seksuelle overgrep og om senteret si verksemd. Vi prøvar å skreddarsy opplegg slik at det skal bli mest mogleg matnyttig for dei som tek kontakt.

Ta kontakt for meir informasjon om kva vi kan hjelpe deg med.

Fagpersonar si rolle i møte med overgrepsproblematikk

På dette føredraget kan vi blant anna snakke om;
- Kven er Nok. Sogn og Fjordane, og kva gjer vi?
- At seksuelle overgrep finst, også rundt deg
- Kva er seksuelle overgrep, korleis opplevast det og kva konsekvensar det har
- Kva skal vi sjå etter?
- Korleis skape rom for barn til å kunne fortelje

Hjartesamling

Omfanget av seksuelle overgrep er i dag så omfattande at Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer det som eit av dei største folkehelseproblema vi har i dag. Størstedelen av overgrepa er utført av nokon som barnet kjenner. Vi veit at dei fleste overgrep nettopp startar i barnehagealder, difor ønskjer vi å rette fokus mot barnehagane.

 

På dette føredraget snakkar vi om;

- Konkrete tips til «samlingsstund» – er det mogleg å snakke om desse tema i barnehagen?
- Vete kva ein skal gjere og kva rolle ein har.
- Vere ein signifikant/viktig vaksen – ver modig

Hjartesamling er ein metode utvikla for å gje barn språk og verktøy til å fortelje om det som er vanskeleg. Metoden er utvikla av barnehagelærar Mats Alexander Johansen i samarbeid med Smiso Troms, det er eit førebyggjande arbeid mot vald og seksuelle overgrep.
Samlingane er lagt opp etter 5 tema som alle er viktige trinn i utviklinga av språk og forståing som gjer det mogleg for barna å sei ifrå. Vi tilrår at ein minst ein gong i året går gjennom desse tema, og at ein gjer denne type samtalar og tema til ein del av kvardagen i barnehagane sin profesjonelle praksis.

Tema i rekkjefølgje:
1. Berøringar
2. Kjensler
3. Mobbing
4. Hemmelegheiter
5. Kroppen

Vi har diverre ikkje kapasitet til å gje dette tilbodet til ein og ein barnehage, men om barnehagane i din kommune kan samlast om ein felles dato, så kjem vi gjerne. Tilbodet er gratis. Barnehagane/kommunen må stille med lokale og organisere det praktiske rundt det å få samla alle til eit felles føredrag.

Er dette noko barnehagane i din kommune ønskjer, ta kontakt på tlf 57721070, eller pr e-post; post@noksognogfjordane.no

 

Undervisning i grunnskulen

Nok. har sidan 2013 gitt tilbod til grunnskulane, primært 6. trinnet om førebyggjande undervisning om blant anna temaet seksuelle overgrep.

Undervisningsopplegget Nok. SF bruker er utvikla av Incestsenteret i Vestfold. Det er evaluert av Tønsberg kommune og seniorrådgjevarar frå Barneombodet, og kvalitetssikra av RVTS.

 

Undervisninga omfatter temaene;

Gode og vonde berøringar
Gode og vonde hemmelegheiter
Kropp, sex og private områder
Seksuelle overgrep og incest
Porno, og kva ein kan oppleve på nett og sosiale media
Skilsmisse, rus, vald, psykisk sjukdom i heimen
Trygge vaksne
Å vere ein besteven

Vil du lese meir om det teoretiske grunnlaget for undervisninga, så finn du meir informasjon her

Etter undervisninga får barna ei informasjonsbrosjyre, sjå her

Vil du lese teorigrunnlaget til undervisninga vår, sjå her

 

Til russen i fylket

Russetida skal vere ei kjekk tid, og vi ønskjer at all russ skal sitte att med gode minne frå denne tida. Diverre opplev vi kvart år å få inn personar som har opplevd valdtekt i russetida. Vi veit at 40% av alle valdtekter i Noreg er festrelaterte og blir utført av nokon ein kjenner. Kan vi gjere noko for å hindre at dette skal skje? Det hjelper i alle fall ikkje å sitte på gjerdet og vente, ein må snakke om det. Vi ønskjer å kome til skulane for å halde ein appell og vise ein video.

Dersom din skule ønskjer besøk av Nok. i russetida, ta kontakt.

Under kan du lese Nok. – paraplyen sin rettleiar til førebyggjande arbeid i skulen.

max-goncharov 1mb-E77RZ6HJ0i8-unsplash