Til utsette

Mange opplev å miste ei kjensle av tryggleik etter seksuelle overgrep. Ved å gripe tak i det som er tøft, kan du ta denne kjensla attende. Vi trur deg og vi har trua på deg, også når du sjølv tvilar. Vi jobbar for ei betre framtid for dei som har blitt utsett, og for å hindre at nye overgrep skjer. Med fagleg tryggheit, omsorg og personleg kompetanse hjelper vi deg å bearbeide det som er vanskeleg.

Seinverknadar etter seksuelle overgrep kan vere mange, som ulike psykiske problem, konsentrasjons- og lærevanskar, dårleg sjølvbilete, rusmisbruk, angst og depresjon. Det er normale reaksjonar på ei unormal hending. Hjå oss er det plass til alle kjensler, tankar og reaksjonar - og til prosessar som kan ta litt tid.

Vi tør å spørje og vi toler å høyre.

Vi veit at folk er ulike og har ulike behov. Vi samarbeidar med andre instansar for å gje eit best mogleg tilbod til alle som kjem hit.

Vi prøver å vere tilgjengeleg for alle utsette som har behov for råd, rettleiing og støtte. Alle tilsette har teieplikt. Gje beskjed om du treng tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod.

Vi er her for deg.

julian-hochgesang-EZhDYE7Haow-unsplash

Einesamtalar

Vi kan ikkje fjerne det vonde, men bidra til å finne ein måte å leve med det. Med omsorg, tolmod og fagleg tryggleik hjelp vi med å bearbeide det som har hendt og med å rydde opp i det som er vanskeleg.

I einesamtalane får du snakke med ein fagleg rettleiar ved senteret som har kunnskap om seksuelle overgrep og traume. I den fyrste samtalen vil vi fortelje deg litt om korleis vi jobbar og kva vi kan hjelpe til meg. Du bestemm sjølv kor mykje du vil fortelje. Å kome til samtale er heilt uforpliktande. Dette inneber at du har moglegheit for vidare oppfylging, men at du også kan avslutte når du sjølv vil.

Bur du langt unna kan vi avtale å ha samtalar på telefon.

 

Gruppetilbod

Hos oss kan du møte andre menneske som har opplevd seksuelle overgrep. Mange tykkjer at det er fint å kunne dele erfaringar og råd med andre som har vore i same situasjon.

Alle gruppetilboda våre er organisert av senteret og vert leia av ein fagleg rettleiar. Vi gjer oppmerksom på at senteret har eit litt varierande gruppetilbod. Vi ynskjer godt fungerande grupper, men ser at det er utfordrande å få til både på grunn av logistikkmessige omsyn, lange avstandar og ulike behov hjå brukarane. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

 

Nettverkssamtalar/pårørandesamtalar

Både brukarar, partnarar og pårørande kan ha samtalar på senteret. Dersom du ønskjer å ha med andre på samtale, til dømes lege, psykolog, lærar, andre fagpersonar eller pårørande kan vi avtale ein nettverksamtale/pårørandesamtale. Dette kan vere bra dersom du treng at fagpersonar som er rundt deg skal samarbeide med oss, eller at du berre vil ha med deg nokon for å føle deg tryggare.

Hjelp til sjølvhjelp

Det finns ressursar i alle menneske som kan aktiverast, erobrast på nytt og mobiliserast når vi møter utfordringar som gjer livet vanskeleg. Nokre gonger treng ein også rettleiing, fellesskap, støtte og reiskap for å mobilisera eigne ressursar til sjølvhjelp. Det får du hjå oss.

Alle tilboda våre er basert på prinsippet om hjelp til sjølvhjelp. Når du tek kontakt med oss har allereie tatt dei første stega og har starta å handsame utfordringane du har i livet ditt. Arbeidet med hjelp til sjølvhjelp tek utgangspunkt i dine ressursar og di eiga forståing av situasjonen du er i.

Saman finn vi vegen vidare.

Digital sjølvhjelp -  Ei plattform til hjelp for deg

Vi har utarbeida ei digital plattform. Vi håpar denne kan gje deg eit eller fleire verktøy i ditt eige sjølvhjelpsarbeid. Du kjem til den digitale plattformen ved å trykke her: Digital sjølvhjelp

Saman finn vi vegen vidare.

 

priscilla-du-preez-9e4n5-xvvbg-unsplash