Til pårørande

Som pårørande til personar utsett for seksuelle overgrep kan du ha mange spørsmål, erfaringar og kjensler som du har behov for å snakke om. Vi har kunnskap og erfaring til å hjelpe deg, anten du er forelder, anna familiemedlem, partnar eller ven.

Vi veit at folk er ulike og har ulike behov. Difor set vi saman det opplegget som passar best for deg. Vi samarbeidar med andre sentre og hjelpetilbod for å gi eit tverrfagleg og heilskapleg opplegg til alle som kjem hit.

Vi prøver å vere tilgjengeleg for alle utsette og pårørande som har behov for råd, rettleiing og stønad. Alle tilsette har teieplikt. Gje beskjed om du treng tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod. Vi er her for deg.

 

Einesamtalar

I einesamtalene får du snakke med ein fagleg rettleiar ved senteret som har kunnskap om seksuelle overgrep og traume. I den fyrste samtalen vil vi fortelje deg litt om korleis vi jobbar og kva vi kan hjelpe deg med.

Du bestemmer sjølv kor mykje du vil fortelje. Å kome til samtale er heilt uforpliktande. Dette inneber at du har moglegheit for vidare oppfylging, men at du også kan avslutte når du sjølv vil.

 

Nettverkssamtalar/pårørandesamtalar

Dersom de som pårørande ønskjer å ha med andre på samtale, til dømes den utsette, lege, psykolog, lærar, helsesjukepleiar eller andre fagpersonar kan vi avtale ein nettverksamtale/pårørandesamtale. Dette kan vere bra dersom du treng at fleire fagpersonar skal samarbeide eller at du berre vil ha med deg nokon for å føle deg tryggare.

 

Gruppetilbod

Hos oss kan du møte andre pårørande. Mange opplever at det er fint å kunne fortelje historia si og dele erfaringar med andre som har vore i same situasjon.

Alle gruppetilboda våre er organisert av senteret og vert leia av ein fagleg rettleiar. Vi gjer oppmerksom på at senteret har eit litt varierande gruppetilbod. Vi ynskjer godt fungerande grupper, men ser at det er utfordrande å få til både på grunn av logistikkmessige omsyn, lange avstandar og ulike behov hjå dei pårørande. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

kulli-kittus-KQfxVDHGCUg-unsplash