Kva er seksuelle overgrep?

Du lurar kanskje på kva det vil sei å vere utsett for incest, eller seksuelle overgrep? Orda incest og seksuelle overgrep betyr nesten det same. Når eit barn blir utsett for seksuelle overgrep kan ein oppleve at barn, ungdom, eller ein vaksen person gjer noko med kroppen din, som dei ikkje har lov til. Dersom personen som gjer dette mot barnet er i familie kallar vi det incest. Vi kan kalle det ein vond, vanskeleg og ulovleg berøring. Vi skal no forklare deg kva vi meiner med ordet berøring.

Berøringar

Berøring betyr det same som å ta på noko, som for eksempel å ta på kroppen.
Det finns mange slags berøringar. Nokon berøringar er gode og nokon berøringar er vanskelege, ulovlege og vonde.

 

God berøring

Tenk deg at du sit på fanget til mamma eller pappa og kosar. Når mamma eller pappa strykar deg på kinnet og gir deg ein kos, då vil du merke om du likar det eller ikkje. Du vil merke det i følelsane dine, som er inne i kroppen din, om du likar det eller ikkje. Når du likar det, så kjennar du i følelsane dine at du er glad og trygg. Då vil du gjerne sitte på fanget lenge og få mykje kos.

Ein god berøring kan vere å sitte på fanget og kose. Ein god berøring er å leie nokon ein er trygg på.

 

Vond berøring

Vond berøring er det motsette av god berøring.
Vi kallar det ein vanskeleg, ulovleg eller vond berøring. Det finns mange slags vonde, eller vanskelege berøringar.

Ein vanskeleg, eller vond berøring kan vere om nokon:
  • Slår deg
  • Dyttar deg
  • Klyp deg hardt
  • Luggar deg i håret
  • Gjer seksuelle overgrep mot deg
Vanskeleg eller vond berøring som ikkje er seksuelle overgrep:
  • Om nokon luggar deg i håret. Dyttar til deg.
  • Om nokon slår deg. Klyp deg hardt.
Vanskeleg eller vond berøring som er seksuelle overgrep kan vere:

Om ein ungdom eller ein vaksen person for eksempel tar på tissen din. Ungdom eller vaksne har ikkje lov til å gjere dette med barn.

 

Ein anna vanskeleg eller vond berøring som er seksuelle overgrep kan vere:

Om ein ungdom eller ein vaksen person for eksempel tar fram tissen sin for å vise den til deg, eller ber deg om å ta på tissen.

Ungdom eller vaksne har ikkje lov til å gjere dette med barn.

Litt meir om vonde, vanskelege og ulovlege berøringar:

Av og til er det slik at desse vonde og vanskelege berøringane kan kjennast gode ut, det er fordi kroppen din er skapt slik at vi har noko som heiter seksuelle kjensler. Når ungdom og vaksne gjer desse berøringane mot deg er det likevel ulovlege berøringar, som kallast seksuelle overgrep.

Barn kan og oppleve at andre barn gjer slike vonde og vanskelege berøringar mot ein, og det er heller ikkje greit eller lov.

Uansett kven som gjer dette mot deg, så er det viktig at du seier i frå til ein trygg vaksen som du stolar på. Ved å sei i frå kan ein få slutt på dei seksuelle overgrepa, og både du og den som gjer dette kan få hjelp.

charlein-gracia-682270-unsplash