Til utsette

Mange opplev å miste ei kjensle av tryggleik etter seksuelle overgrep. Ved å gripe tak i det som er tøft, kan du ta denne kjensla attende. Vi trur deg og vi har trua på deg, også når du sjølv tvilar. Du skal få hjelp frå trygge fagmenneske med lang erfaring, som kan romme di historie. Saman kan vi gjere den tunge ryggsekken lettare å bere.

Seinverknadar etter seksuelle overgrep kan vere mange, som ulike psykiske problem, konsentrasjons- og lerevanskar, dårleg sjølvbilete, rusmisbruk, angst og depresjon. Det er normale reaksjonar på ei unormal hending. Hjå oss er det plass til alle kjensler, tankar og reaksjonar - og til prosessar som kan ta litt tid.

Vi tør å spørje og vi toler å høyre.

Vi veit at folk er ulike og har ulike behov. Difor set vi saman det opplegget som passar best for deg. Vi samarbeidar med andre sentre og hjelpetilbod for å gi eit tverrfagleg og heilskapleg opplegg til alle som kjem hit.

Vi prøver å vere tilgjengeleg for alle utsette og pårørande som har behov for råd, rettleiing og stønad. Alle tilsette har teieplikt. Gje beskjed om du treng tilrettelegging, tolk eller andre tilpassa tilbod.

Vi er her for deg.