Til russen 2021

Vi på Nok. er kvart år ute for å snakke med russen som ein del av vårt førebyggjande arbeid. Grunna korona får vi diverre ikkje lov til dette på alle skulane i år og vi ynskjer difor å “møte dykk” her. Det skjer overgrep, også i russetida – det veit vi. Vi er her, det er dette vi jobbar med og hos oss kan du få hjelp. Vi håpar de tek dykk tid til å sjå apellen vår, og så vil vi ynskje alle ei trygg og god russetid.

Følg oss på Instagram og Facebook! På den måten kan vi nå ut til fleire og hjelpe alle som treng det!